Det har vore stille frå meg dei siste vekene(!), noko som til dels skuldast ein travel periode på jobb. Heldigvis har ting roa seg ned igjen no, og eg har tid til å nyte vinterfølelsen som sprer om seg her. At eg klarer å ‘gløme’ desse små irriterande tinga med vinteren kvart år er nesten litt imponerande, syns eg. Våte føtter i slush-smørja som ligg igjen etter salting av vegane. Slush-smørja i seg sjølv, det er akkurat slik eg innbiller meg at å gå i mjøl følast. Kalde fingrer og ‘ball-form’ av mengda kle som trengs.
På den positive sida, så er det få kvelder som er så fine som dei kalde, klare vinterkveldane. Gjerne med litt nordlys, som eg er stor-fan av. Og kosekvelder inne med kakao, ei god bok eller ein film. Det er vinterkos det! Også nærmer det seg jul og tid for å reise heim ei stund. Eg gler meg alltid til det i lang tid, og i år har eg tenkt såpass framover at eg skal flyge heim istaden for å kjøyre. Snakk om deilig!
Eg merker at det blir ikkje så mykje ‘intressant’ eg skriv om her akkurat. Er vel mest det eg kjem på idet eg sett meg ned for å skrive. For å virke ekstra sosialt engasjert skal eg slenge inn ein link her (http://blog.patrickrothfuss.com/2010/11/worldbuilders-2010/). Dette er ein av mine favorittforfattarar som har komt på ein genial måte å drive innsamling til veldedige formål. Spesielt om du er like glad i bøker som meg. Han samler inn donasjoner frå andre forfattarar, bøker, autografer, samleutgåver, etc, og legg desse som premie i ein pott. For kvar $10 ein donerer, får ein eit lodd i trekning om ein av premiane. God samvittiheit overfor samfunnet, og sjangse for kule premier! *Tommel’n opp*
Akkurat no har eg starta på ei ny spennande bok. The Way of Shadows av Brent Weeks. Sidan eg alltid les ut bøkene mine så alt for fort, så har eg tatt det litt roligare med denne, spare litt på gleda. Så langt fell den fint innanfor min smak, litt ‘gamledager’ følelse over boka og eit samfunn eg kan relatere meg til. Vi følger gaterotta Azoth gjennom hans kamp for å bli ein ‘wetboy’, eller ‘ninja’ som vi ville kalla han. Okay, ninja er kanskje ikkje det heilt riktige ordet, men det høyrest så mykje kulare ut enn snikmorder. Og det er ingen heilt vanlig snikmorder han skal bli heller.. Men altså, så langt er den bra. Fleire storylines, som eg synes er bra, så lenge dei kan knyttast sammen til ein velfungerande historie.
Men, no er det pizza-servering frå peppes her. Vi har omvisning med studenter idag, som avsluttast med tradisjonel pizza og øl mens vi sosialiserer med dei. Så eg får gå og gjere jobbe men..







